Hopp til hovedinnhold

Direktøren har ordet

Med eit solid fotfeste i ein region som alltid har hatt blikket vendt mot sjøen, fortel Museum Vest om livet langs kysten og på havet. Vi tar for oss viktige næringar som fiskeri, handel og sjøfart, olje og gass samtidig som vi søker å være tett på kystfolk i by og bygd - i krigs- og fredstid.

Stader som betyr noko

Ved å inspirere til refleksjon om fortida, ønsker vi å gjere samtida meir forståeleg og bygge eit felles verdigrunnlag for framtida. Vi har store og spennande samlingar og ein kunnskapsrik stab, noko som gjer oss eit godt grunnlag for å fortelje kysten si historie. Ved å besøke våre museumsarenaer, kjem du tett på historiene og stader som betyr noko!

  • 1/1
    Direktør Øyvind Stang Stiftelsen Museum Vest / Vivian Torvund Berg

2023 har vore eit hektisk år i Museum Vest. Dyrtid, dystre spådomar om straumprisar og følgjer etter pandemien, gjorde at vi hadde eit nøkternt forhold til korleis året ville bli. Besøkstala er ein god indikator på at dei tilsette i Museum Vest har handtert utfordringane på ein god måte. I 2023 har vi passert nivået frå før pandemien. Vi endar også opp med eit positivt resultat, noko som er ei konsekvens av god økonomistyring hos avdelingane og sentralt. Som de kan lese vidare i årsmeldinga, har vi levert godt på dei ulike fagområda.

Vi gler oss til nye utfordringar i 2024 og ynskjer dykk god lesing av årsmeldinga.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2