Hopp til hovedinnhold

Forskingsprosjektet Namus
- museas natur

Om sammenvevinga av natur og kultur i museum

  • Hardanger fartøyvernsenter

Kunnskapsutvikling og forsking i og om musea i Vestland

Musea i Vestland har dei siste åra utvikla felles møte- og arbeidsstader for forsking. Frå og med 2026 og vel tri år framoverhar vi òg eit felles forskingsprosjekt som vil undersøke og utvikle våre museum.  Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NAMUS – Museets natur | UiB], Hardanger og Voss museum, Musea i Sogn og Fjordane Namus - museas natur | Musea i Sogn og Fjordane] og Museum Vest. Prosjektet er gjort mogleg ved om lag 6 millionar kroner i støtte frå Norges Forskingsråd og eigeninnsats frå musea. Midlane vil gå til tilsetting av doktorgradsstipendiat, eiga forsking på musea og til seminar og andre faglege møtestadar.

NAMUS skal utvikle kompetansen mellom museumstilsette, styrke samarbeidet mellom musea og UH-sektoren gjennom å løfte fram dei mest påtrengande spørsmåla i vår tid i vitskaplege fora og overfor allmenta.

  • Hardanger fartøyvernsenter

Kva handlar det om?

Eit viktig utgangspunkt er å få betre forståing av korleis musea pregar vår grunnleggande forståing avå verda, ontologien. Oppdelinga av verda i handterbare storleikar har vore ein føresetnad for moderne vitskap. Som eit ledd i dette har det oppstått eit skarpt skilje mellom det som er bestemt av naturen og det som er skapt av menneska. Dette pregar mange ulike fagdisiplinar, kunnskapspraksisar og institusjonar – slik som musea. I museumssektoren skil ein mellom naturhistoriske og kunst- og kulturhistoriske museum, som i sin tur påverkar korleis ein forvaltar, formidlar og forskar på samlingane.

Tek ein dette skiljet for gitt, og overser dermed samanhengar og samanvevingar mellom natur og kultur? Kritikarar av moderne vestleg vitskap og av musea hevdar det, og peikar på det som ei av årsakene til at det moderne samfunnet slit med å ta inn over seg konsekvensane av naturtap og menneskeskapte klimaendringar. Musea sin rolle blir òg med rette kritisert innan dette perspektivet. Samstundes er musea mangfaldige, og graden av oppdeling eller samanveving av natur og kultur kan sjå annleis ut om ein retter blikket mot dei små og mellomstore musea, slik som dei ein finn i Vestland. Våre museumsinstitusjonar er samansett av mange slags museumstypar med ulikt opphav og tiltenkt føremål. Med utgangspunkt i musea i Vestland fylke skal NAMUS undersøkje kva slags alternative tenkjemåtar og praksisar som finst i dette museumslandskapet i form av næringshistorie, kystkultur, båtbygging og bygningsmiljø frå både før og under industrialderen med meir.

Om museets natur: det museale mellom kultur- og naturarv

Sharon Macdonald meiner museas klassifikasjonssystem, der ein m.a. skil mellom naturhistoriske og kunst- og kulturhistoriske objekt, bidreg til eit hierarki som mellom anna skaper øydeleggande relasjonar mellom det menneskelege og ikkje-menneskelege. Dette klassifikasjonssystemet er modent for «vitaliserande forstyrring», hevdar ho, der t.d. samlingane inngår i måtar å forstå og «gjere» verda på som kan bidra til alternative og kanskje meir håpefulle førestillingar om framtida. Nytenking om naturkulturrelasjonar har fått auka merksemd i møte med den antropocene tidsalder, og Dipesh Chakrabatry tek til orde for ei samansmelting av naturvitskap og human- og samfunnsvitskap. For musea, som er sentrale institusjonar for å «handtere tid», representerer ei slik nytenking ei samankopling av ulike temporale forståingar som påverkar korleis vi tenker om fortid, nåtid og framtid. Vidare vert dei ontologiske premissa for korleis vi tenker om natur- og kulturarv utfordra.

Vi vil mellom anna undersøke i kva grad oppdelinga mellom natur og kultur bidrege til natur- og miljøkrisa vi står i, kva rolle har musea hatt i å stadfeste og halde oppe eit slikt modernistisk skile, og kva for alternative tenkemåtar og praksisar er til stades i musea i dag?

Det NFR-finansierte prosjektet The nature of Museums: On the Interveawing of Nature and Culture in Museums (NAMUS), er eit samarbeid mellom museum i Vestland fylke og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, UiB. I prosjektet vert både den historiske museumsdanninga i Vestland og konkrete museale praksisar ved musea undersøkt.

Første NAMUS-seminar: Norheimsund 23.-24. september 2026. Påmeldingsfrist 4. september. Program og informasjon om påmelding finn de nedanfor: