Om stillinga
Kystmuseet i Øygarden søkjer nye museumsvertar for sesongen mars-oktober.
Til stillinga som museumsvert ligg ein helgeturnus annan kvar helg. Det er ønskeleg og mogleg med ei større stilling i samanheng med ferieavvikling. Oppgi i søknaden når og kor mykje du har høve til å jobba.
Oppstart etter opplæring og så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver
Som museumsvert vil du vere ein viktig del av publikumsopplevinga ved museet. Arbeidet omfattar mellom anna:
- Ta imot og informere besøkjande om museet og aktivitetstilbodet
- Kaféarbeid (enkel matlaging, servering og drift)
- Billett- og butikksal, inkludert kassaoppgjer
- Formidling på norsk og engelsk
- Dagleg tilsyn og vakthald i utstillingar og museumsbutikk
- Følgje opp reinhaldsrutinar og kafédrift
- Andre forefallande oppgåver
Vi ser etter deg som
- Kommuniserer flytande på norsk og godt på engelsk
- Har gode formidlingsevner og trivst med publikum
- Har kulturfagleg interesse, gjerne innan kystkultur
- Er komfortabel med å formidle til ulike publikumsgrupper
- Har god teknisk og praktisk forståing
- Arbeider sjølvstendig, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Handterer periodar med høgt tempo
- Har gode samarbeidsevner og trivst i team
- Disponerer bil, då kollektivtilbodet er avgrensa
- Er over 16 år (helst over 18)
Erfaring frå sammanliknbare stillingar er ein fordel men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar vil bli vektlagd i vurderinga.
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag i eit triveleg og kompetent fagmiljø
- Ei unik moglegheit til å bidra til gode publikumsopplevingar ved Kystmuseet i Øygarden
- Lønn etter tariffavtalen Landsoverenskomst for museer og andre kulturinstitusjoner
- Pensjonsordning i KLP
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 19. mars 2026
Spørsmål om stillingen?
Spørsmål om stillingene kan rettes til: