Forskingsspørsmål, organisering og arbeidspakkar
Forskingsspørsmål:
- Korleis blir forståing av tid i musea påverka av ulike faglege perspektiv, og på kva måte heng slike skilnader saman med ulike syn på tilhøvet mellom natur og kultur?
- Korleis blir måtar å forstå natur og kultur på praktisert av museumstilsette og forskarar på tradisjonshandverk og korleis blir natur- og kulturkunnskap vovne saman i kulturelle praksisar?
- På kva måte kjem ulike måtar å forstå tid på til uttrykk i kulturmiljøa musea er ein del av og korleis blir oppfatninga av fortid, nåtid og framtid praktisert innanfor dei museumsinstitusjonane dei er ein del av
- Korleis navigerer musea mellom det å auke medvitet i samfunnet om menneskeskapt øydelegging av miljøet på den eine sida, og det å presentere resultata av menneskeleg aktivitet som høgt verdsett kulturarv på den andre sida?
NAMUS skal utvikle kompetansen mellom museumstilsette, styrke samarbeidet mellom musea og UH-sektoren gjennom å løfte fram dei mest påtrengande spørsmåla i vår tid i vitskaplege fora og overfor allmenta.
Prosjektorganisering:
Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og musea i Vestland.
Prosjektleiar er Torgeir Rinke Bangstad, UiB (AHKR) [Torgeir Rinke Bangstad | UiB]. Prosjektdeltakarar frå musea er Heidi Richardson (HVM) [Tilsette - Hardanger og Voss museum], Årstein Svihus (MV) [Ansatte - Museum Vest] og Thomas Walle (Misf) [Thomas Walle | Musea i Sogn og Fjordane].