Hopp til hovedinnhold

Aktivitetar

Presentasjon av prosjektet og innlegg på den nasjonale konferansen for kulturforsking, Trondheim 3.-5. juni 2026

Samandrag av temabolk til Det museale - nasjonal fagkonferansen for kulturforsking, Trondheim 3.-5. juni 2026

Om museets natur: det museale mellom kultur- og naturarv

Sharon Macdonald (2020) meiner museas klassifikasjonssystem, der ein m.a. skil mellom naturhistoriske og kunst- og kulturhistoriske objekt, bidreg til eit hierarki som mellom anna skaper øydeleggande relasjonar mellom det menneskelege og ikkje-menneskelege. Dette klassifikasjonssystemet er modent for «vitaliserande forstyrring», hevdar ho, der t.d. samlingane inngår i måtar å forstå og «gjere» verda på som kan bidra til alternative og kanskje meir håpefulle førestillingar om framtida (186). Nytenking om naturkulturrelasjonar har fått auka merksemd i møte med den antropocene tidsalder, og Dipesh Chakrabatry (2021) tek til orde for ei samansmelting av naturvitskap og human- og samfunnsvitskap. For musea, som er sentrale institusjonar for å «handtere tid» (Svihus 2021), representerer ei slik nytenking ei samankopling av ulike temporale forståingar som påverkar korleis vi tenker om fortid, nåtid og framtid. Vidare vert dei ontologiske premissa for korleis vi tenker om natur- og kulturarv utfordra (Kirshenblatt-Gimblett 1995; Harrison 2015; Ingold 2017). I denne sesjonen spør vi i kva grad oppdelinga mellom natur og kultur bidrege til natur- og miljøkrisa vi står i, kva rolle har musea hatt i å stadfeste og halde oppe eit slikt modernistisk skile, og kva for alternative tenkemåtar og praksisar er til stades i musea i dag?

Temabolken spring ut av det NFR-finansierte prosjektet The nature of Museums: On the Interveawing of Nature and Culture in Museums (NAMUS), som er eit samarbeid mellom museum i Vestland fylke og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, UiB. I prosjektet vert både den historiske museumsdanninga i Vestland og konkrete museale praksisar ved musea undersøkt.

Korte presentasjonar av innlegga:

1.

«Det museale i eit økologisk perspektiv»

Torgeir Rinke Bangstad, førsteamanuensis i kulturvitskap, Universitetet i Bergen. torgeir.bangstad@uib.no

 

Gjennom ulike kunnskapspraksisar- og teknologiar har dei moderne musea løfta gjenstandar ut av deira opphavlege kontekstar og over i eit beskytta miljø som motverker nedbryting og forfall. Det museale blir slik knytt til noko tidlaust utanfor kvardagen. Korleis blir det moderne til i museale praksisar og kva inneber det å analysere musea som meir-enn-menneskelege økologiar?

2.

«Natur og kultur i fartøyvernet»

Heidi Richardson, forskar, Hardanger og Voss Museum, heidi.richardson@hvm.museum.no

Med utgangspunkt i fartøyvernprosjekt, og korleis desse vert formidla ved Hardanger fartøyvernsenter, vil eg reflektera over korleis dei ulike faggruppene som samarbeider i prosjekta, forheld seg til natur-kultur relasjonar. Kva konsekvensar får desse relasjonane for sjølve vernearbeidet, for kva vi formidlar og for relasjonen til natur og miljø?

3.

«Sjøvendte museumskategoriar og fagdisiplinære tradisjonar»

Årstein Svihus, fagleiar forsking, Museum Vest, arstein.svihus@museumvest.no

Næringsmuseet Norges Fiskerimuseum og økomuseet Kystmuseet i Øygarden tematiserer begge kritiske vendepunkt i bruken av naturen og andre endringar i hopehavet mellom natur og kultur. Kan ein forstå fortellingane deira ut frå ulike fagdisiplinære premiss, her kulturvitskaplege og historiefaglege? Kva føremål har naturvitskaplege tolkingar av historiske kultur-naturrelasjonar i fortellingane?

4.

«Temporalitetar i ein kvernsteinpark»

Thomas Michael Walle, avdelingsdirektør, Musea i Sogn og Fjordane, thowal@misf.no

I Kvernsteinparken i Hyllestad vert fortellinga om ei levande fjellkjedes vekst og fall og tilhogging av daud bergart til kvernstein gjennom 1200 år formidla parallelt. Kva er tilhøvet mellom ulike temporalitetar i dette natur- og kulturarvslandskapet, korleis blir dette formidla, og korleis vert formidlinga påverka av klima- og naturkrisa?