Bjørn West-soldater i Matrefjella
Bjørn West – frå kamp til jubel
Motstandsgruppa Bjørn West hadde operert i Masfjordfjella sidan hausten 1944. Etter kvart var dei 259 mann under våpen. Etter å ha blitt angripe i byrjinga av april var dei no trekt inn i dei ville Matrefjella, aust for Matre.
Mot slutten av april var soldatane i Bjørn West byrja å gle seg til å feira i Bergen 17. mai. Dei var sikker på at freden var like om hjørnet. Dei såg for seg rakrygga «Bjørner» marsjerande i prosesjon gjennom jublande folkemengder i Bergen sine gater.
Men den tyske okkupasjonsmakta hadde andre planar. 28. april starta eit stort angrep mot Bjørn West-basen, med Stordalen som hovudkvarter. Ein av dei som låg på Klavefjellet og drøymde om 17. mai i Bergen, fall alt første dagen.
I løpet av seks dagar med harde kampar vart seks ungdomar frå Bjørn West, skotne og drepne i Matrefjella. Tyske offiserar avretta også fjellbonden Torgeir Stordal på brutalt vis så seint som 5. mai. Her vart også alle hus brende og husdyra skotne.
Draumane om 17. mai i Bergen var med eitt blitt litt bleikare. No var det ein kamp for å overleva.
Grunna tingingar om ein fredeleg overgang frå tysk til norsk kontroll i Bergen, fekk Bjørn West ordre om å trekka seg inn i Stølsheimen. Der skulle dei venta på kodeordet, «sovepose og telt» over BBC. Det var koden for at det var våpenfred, og Bjørn West skulle snarast mogeleg «innta» Bergen by og stå for vakt og sikring i ein overgangsfase.
7. mai kl 15 kom meldinga – som den siste i den sendinga – «sovepose og telt».